du møter viktige stemmer på #levendefestival Rockheim 10 SEPTEMBER!Mustafa Hasan har fått oppholdstillatelse i Norge, det har UNE avgjort. Utlendingsnemnda …
Kontakt UNE på telefon
Telefonnummer: (+47) 21 08 50 00
Åpningstider: Mandag til fredag kl 09.00 – 15.00
Ei lovføresegn frå 2018 seier at ein utlending med mellombels
opphaldsløyve kan utvisast når utlendingen er avvist frå rett til å
bli anerkjend som flyktning. Stornemnda skal no avgjera to slike
utvisingssaker som reiser prinsipielle spørsmål om tilbakevirkning
etter Grunnloven § 97.
Stornemnda skal behandle sakene til to personar 30. august.
Dei har mellombelse opphaldsløyve i Noreg og har vorte avvist
frå retten til å bli anerkjende som flyktningar i UNEs vedtak frå
høvesvis 2018 og 2019 etter utlendingsloven § 74, jf § 31.
Nye lovføresegner om utvising på grunnlag av utestenging
tredde i kraft i november 2018 , inntatt i utlendingslovens
§ 67 første ledd bokstav e (lovdata.no), som seier at ein
utlending med mellombels opphaldsløyve kan bli utvist
når utlendingen er avvist frå retten til å bli anerkjend
som flyktning etter § 31. UDI har utvist begge klagarane
etter denne avgjerda.
Reiser prinsipielle spørsmål om tilbakevirkning
Sakene er av prinsipiell tyding, og skal derfor behandlast i Stornemnd. Felles for begge sakene er at dei straffbare forholda som ligg til grunn for vedtaka om utestenging, vart gjort før den nemnde lovendringa (§ 67 første ledd bokstav e) tredde i kraft.
Den relevante forskjellen i dei to sakene er at i den eine saka vart vedtaket om utestenging fatta før den nye lova trådde i kraft, medan det vart fatta etter i den andre saka.
Hovudspørsmålet som skal vurderast av stornemnda er følgjeleg om utvising av klagarane etter utlendingslovas § 67 første ledd bokstav e er i strid med Grunnloven § 97, som bestemmer at «Inga lov må givast tilbakeverkande kraft».
Vi svarer på spørsmål om status i egen sak. For eksempel oppholdsstatusen din eller om vi har mottatt dokumentene du har sendt inn.
Har du spørsmål om en sak, ha klart saksnummeret (DUF-nummeret) eller personnummer før du ringer.
På denne siden finner du forventet ventetid for sakene i UNE.